Støtt vår sponsor
Støtt vår sponsor
Støtt vår sponsor

Tilfeldig bilde

image

Valbyskogens Ilya

Elitehund

image

Bekkaurens Embla

Vestlandstreff 6. – 8. mai

Helga 6 til 8 mai vart det for første gong arrangert Vestlandstreff på Vassenden i Jølster. NBK medlemmar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var inviterte til å være med.

Totalt 23 personar med stort og smått var i løpet av laurdagen innom treffet, og vi hadde med oss 16 hundar. Veit at det var enno fleire som hadde hatt lyst til å være med, men våren er ei travel tid og mange måtte takke nei.

I løpet av helga vart det gitt mykje informasjon om ulike tema, og tilbakemeldingane frå dei frammøtte var gode. Det var tidvis ein svært ivrig forsamling som utveksla mykje informasjon

Informasjon om landstreffet i Porsgrunn vart også gitt ut, og ein håpar at fleire av dei frammøtte tar turen nedover der for å sjå korleis dette foregår. Så godt som alle fekk sjansen til å teste seg og hunden ut i ”utstillingsringen”, og dei klarte seg veldig fint. Så vi håpar at fleire vil prøve seg på ein skikkeleg arena med det første.

Felles grilling laurdag kveld var ein fin avslutning på ein lang dag. Søndagen vart avslutta med ein liten barn og hund konkurranse, før ein heilt til slutt tok ein felles tur langs den nye ”hyttevegen” som kryssa Bjørklia skisenter.

Vi var alle einige i at vi hadde hatt ein fin helg. Takk til alle dei frammøtte for ein triveleg samling!

Meir utfyllande referat vil komme i neste nummer av Fuglehunden.

Jan B. Skrøppa

image

image

image

image





















May 11, 2011 - 21:56

Søk


  • Avansert søk
  • Nyhetsfeeds:

    RSS 1.0 RSS 2.0 RSS_Atom
    2004©Norsk Breton Klubb | Utvikler og vertskap for sidene er Waypoint AS. | Powered by ExpressionEngine 1.2