Nye retningslinjer for tisper til avl

Det vart på årsmøtet i Tromsø den 07.02.09 bestemt at det blir nye retningslinjer for avl på tisper, for at kullet skal kunne annonserast via NBK sine kanalar. Sidan det vart bestemt at tispa enten skal være jaktpremiert eller ha egne avlstal, ville avlsrådet avvente litt med å innføre dei nye reglane slik at vinterens indeksar kunne bli tatt med. Forhåpentlegvis er det ikkje lenge til dette skjer. Avlsrådet har likevel bestemt at dei nye retningslinjene skal bli å gjelde frå 01.08.09. Om ein til denne datoen ikkje har fått rekna ut indeksar etter vinterens resultat, vil dei tispene med 3 startar eller meir og/eller minst 3 egne eller makkers stand, likevel kunne bli godkjente “avlstisper” i NBK. Avlsrådet vil ikkje at eventuelt “treighet” i å innhente data frå prøver, skal gå utover våre medlemmar. Til informasjon så kan ikkje NBK lastast for eventuelle treigheter, då det er eksterne årsaker til dette.
Dei nye retningslinjene for avl på tisper frå 01.08.09 er:
Tisper skal være gemyttmessig stabile og ikke ha arvemessige diagnoser som utelukker fra avl.
• Minstekrav for å få forslag er at følgende krav er tilfredsstilt:
- Jaktprøvepremiert eller egne avlstal. Hunden får egne avlstal for jaktlyst etter min 3
startar og for viltfinneremne når den har fleire enn 3 situasjonar (egne/makkers stand) på jaktprøve.
- Være stilt på utstilling etter fylte 15 månader.
• Dersom ei tispe har avlstal som er meir enn 20% under rasegjenomsnittet, vil avlsrådet anbefale at det ikkje settas på meir enn to kull på denne. Dersom det skal avlast meir, skal minst 50% av tidlegare avkom være godt dokumenterte med eigne opparbeida avlstal for brukseigenskapar og snittet på kullet skal være betre enn mora sine indeksar. Samt at minst 70% skal være hoftefotografert og ha avlsindeksar på hofter som er over rasegjenomsnittet (snitt på kullet).

• 09.01.10 • Oppdrett og avl AvlsrådetTips en venn
Side 1 av 1