Rasens historie
Forhistoria til rasen er det knytt mange usikre teoriar til. Og dess lenger bakover i historia ein kjem , dess meir usikkert blir det, sjølvsagt. Det finst heller ikkje nokon “fasit” eller “autorisert” framstilling av rasens historie meir enn ca. hundre år bakover i tid. Det som vedrører rasen før denne tid, kan vi berre gjette oss til ut frå dei “spor” vi har via historiske kjelder, slike som beretningar om jakt, reiseskildringar og maleri.
Dei første spor av ein hund som kan likne litt på rasen slik vi kjenner han i dag, går heilt tilbake til Romerrikets tid og “folkevandringstida”, ca år 200 e.kr..I ei beretning/dikt om jakt, skriven av ein gresk (?) forfattar, Oppianos, på reise rundt i Europa, blir det fortalt om nokre små hundar med imponerande jakteigenskapar. Desse hundane var høgt verdsette av befolkninga i Bretagne, og blei nytta til allsidig jakt. Dei hadde tjukk, langhåra pels, eit vake og livleg uttrykk, og hadde den eigenskapen at dei tok ferten av viltet (oftast hare), markerte kvar det låg, for så djervt å avansere snikande innpå byttet og lynraskt gripe og avlive det. -For deretter å bringe det til sin herre. Befolkninga i Bretagne kalte desse hundane for “Agasses”.
Men dette er også den einaste kjelda ein kjenner til før ein i middelalderen, 1000 år seinare, kan finne andre beretningar om ein liknande rase i denne delen av Frankrike. Ein må gå ut frå at denne rasen i mellomtida hadde utvikla seg nokså mykje, ut frå dei ulike måtane å jakte på i landsdelen, og dei spesielle lokale behov. Vi finn mykje av dei same eigenskapane att i Gaston Phæbus si berømte bok om jakt (frå 1387). Han hevda m.a.at ordet “s´epaignent” betydde “å snike seg forsiktig krypande “(inn på viltet) Kanskje er det denne betydninga som ligg i rasenamnet L´Epagneul Breton,( det offisielle franske namnet på rasen) ?
Det finst også beskrivelsar gitt av Nicholas Cox (1674 ), som tilhøyrde den rike engelske landadelen som reiste på jaktturar til Bretagne. Han fortalde om såkalla “Setting Spaniels” i boka “The Gentleman´s Recreation”, der han seier: “There is no Art taking Partridges so excellent and pleasant as by help of a Setting Dog….You are to understand then, that a Setting Dog is a certain Lusty Land Spaniel, taught by Nature to hunt the Partridge more than any Chase whatever, running the fields over with such Alacrity and Nimbleness as if there was no limits to his Fury and Desire….As he has set the Partridge, command your dog to lie still, draw forth your Net, spread it open and cover as many of the Partridges as you can.”
Det finst dessutan mange maleri frå 17- og 1800-talet, både i Frankrike og Holland (hundar importert frå Bretagne av hollandske handelsmenn ?) av små hundar med kort hale. Desse er alltid kvite og rødbrune (marron), og har tydelege likskapar med dei hundane som blei framviste i Frankrike på byrjinga av 1900-talet. (På eitt eller anna tidspunkt før denne perioden har det altså forekome ein mutasjon i rasen, slik at ein del hundar blei fødde med kort hale (eller “stumphale”), og at jegerane i Bretagne har sett det som ein fordel, evt. kjennemerke ved rasen, og har halde fram med å avle på desse.)
På 1800-talet brukte engelske rikfolk å ta med seg setterar og pointerar til jakta i Bretagne, og sette dei så igjen der i pensjon p.g.a. engelske karantenebestemmelsar. Ein reknar det for sikkert at desse ofte blei kryssa inn i den opprinnelege rasen, og at det derav framkom andre fargekombinasjonar (og betre standeigenskapar ?) enn dei opprinnelege.
Ein major Grand-Chavin, kavalerioffiser og dyrlege, bemerka at overalt i landsbyane fanst det spaniel-liknande små jakthundar med mindre og kortare øyrer enn vanlege spaniels. Utanom jobben sin, hadde han god tid til å drive jakt, og var svært imponert over desse små hundane: “They have remarkable scenting powers…utterly fearless in hunting woodcock and crossing rivers and canals… they could chase a hare for at least three quarters of an hour over rough country.” (1897) Og seinare, i 1906, fortalde han om desse hundane, at dei var nesten alle med kort hale, og hadde kvit /oranje, kvit/brun eller kvit/svart pels.Dei jakta med ein djevelsk iver og eit svært aktivt søk og hadde særdeles god luktesans. Dei var modige, skydde ingen hindringar, verken buskas eller blautmyrar, var uthaldande, og tok stand som Epagneul Francaise eller som reine fuglehundar som setter og pointer. Av utsjånad var dei korte, kompakte og firskårne, men ikkje tjukke el. tunge. Naturen i Bretagne hadde “skapt dei slik som innbyggjarane i området; små og samanpressa i linjene, modige, men også litt stivnakka.”
Monsieur Munsch, som fant fram til Oppianos´ reisedikt, meiner at breton nedstammar frå Oysel-hunden (Cien d´Oysel), og har forska på og beskrive rasens utvikling fram mot 1800-talet : mankehøgde ca. 50 cm., kropp, proporsjonar o.s.v., men også standinstinktet, den korte galloppen, pelskvaliteten, at dei var uthaldande, hadde god nervekonstitusjon, var uredde for kratt og hindringar, svært intelligente, -og at dei elska å jakte for sin herre (god kontakt). Også fargesamansetjingane blei beskrivne. Munsch tvilte på at bretonen hadde utvikla seg frå den eksisterande spanielrasen, som han hevda var ein nyare rase enn breton. Fargevariantane mot slutten av 1800-talet stamma nok derimot frå innkryssing av setter og pointer.
Andre hundeforskarar, bl.a. Ronan de Kermadec, meiner derimot at breton nedstammar frå andre spaniel-rasar, og då spesielt Welch Springer Spaniel. (Folket i Bretagne stamma for ein stor del frå britiske keltarar, som invaderte landsdelen på 4-500-talet.) Det merkelege er jo då at det ikkje finst spor av spaniels i England før fram mot år 1000…
Atter andre hevdar at ordet” Epagneul ” kjem av ordet “Spaniel” som igjen kjem av ordet “Espaignol”, som betyr “Spansk” ! Og det er jo muleg at spanjolane som dreiv falkejakt med hund på 1200-talet, også i Bretagne, hadde med seg (ein av ?) forløparane til rasen.
Rundt år 1900 var rasen fremdeles ein lokal rase som var lite kjent utanfor Bretagne, og ved utstillingar i Paris blei bretonen stilt i klassen for “øvrige franske Spaniels”. Interessa auka likevel sterkt i åra etter hundreårskiftet ettersom rasen overgjekk andre populære og etablerte rasar både på jaktprøver og under praktisk jakt !
Men først då det blei danna ein spesialklubb,“Club de l´Épagneul Breton a courte queue “(=-med kort hale) og den første spesialutstilling blei arrangert i Laudeac i 1907, fekk rasen ein sjølvstendig stilling og aukande nasjonal interesse.
Første rasestandard vart fastsett to år etter, og rasen godkjent av Societé Centrale Canine (seinare FCI).
Også internasjonalt vekte rasen oppsikt, og fekk i løpet av eit par tiår stor utbreiing i Europa, og kom også til USA. Vi må gå ut frå at det nokså snart begynte ei viss tilpasning til dei ulike jaktmiljøa og jakttradisjonane, og ikkje minst prøveformene, der rasen fekk si utbreiing. Spesielt i USA har dette gjort at rasen har endra seg mykje frå det han var i Frankrike på byrjinga av 1900-talet.
Standarden for rasen har endra seg fleire gonger fram til i dag, for eksempel når det gjeld mankehøgde.
I 1908 var den “cirka 50 cm.”, i 1912 45-50 cm. og etter 1. Verdskrigen 45-52 cm. I 1933 gjekk ein inn for minska høgde, fordi rasen var blitt for høg. I 1995 heitte det 47 - 50 cm. +- 1 cm. -Og sist no i 2001 er standarden endra til 48 -51 cm. for hannar, og 47-50 cm. for tisper. I tillegg kom det til justering av fargevariantar i 1956, idet svart/kvit blei godkjent igjen.( I USA, derimot,heldt dei fram med forbodet mot svart i pels og på nase, og gjer det framleis. Dei har også sin eigen standard av rasen, som ikkje er godkjent av FCI.)
Det finst også ein arbeidsstandard for bretonrasen, men denne ikkje er serleg kjent, eller blir tatt hensyn til ( heller ikkje i Norge…), kanskje fordi det finst så mange ulike prøveformer, og at Breton vert rekna som kontinental rase i europa, medan han konkurrerer saman med dei engelske rasane t.d. i Danmark og Norge (og snart i sverige ?).
Kjelder brukt til dette samandraget over utviklinga av Breton-rasen:
Chr. Gunther; “l´Épagneul Breton “
Knud Düring; “Breton”
Div. web.sider, m.a. den nederlandske bretonklubben sine sider.
Svein Hj.
Les også:
Hva er Breton?Slik kom bretonen til NorgeRasestandard



