Odd Harald Sørbøen takkar av som dommar!

NBK ynskjer å rette en stor takk æresmedlem for mangeårig innsats som jaktprøvedommer og innsats for Norsk Breton Klubb.

For nokre få dagar sidan annonserte Hallingdal Fuglehundklubb at Odd Harald Sørbøen har «sagt opp» som fuglehunddommar. Odd Harald har dømt over 500 gongar! Det er ein enorm dugnadsinnsats som har blitt utført og som svært mange har hatt glede av!

Odd Harald har også betydd enormt mykje for Norsk Bretonklubb, der han over mange år har bidratt sterkt som medlem i avlsrådet og som redaktør for årboka i klubben. Ein mester med å lage statistikkar som har visst både rasens utvikling og enkeltindivid sine plussar og minusar – Odd Harald vart for nokre år sidan æresmedlem i NBK – ein veldig fortjent utmerkelse!

Sjølv om Odd Harald var Hallingdal Fuglehundklubb «sin dommar», så har denne mannen på same tid også vore «heile fuglehundnorge» sin dommar der han har dukka opp eine dagen etter den andre og dømt på prøver rundt om i landet. Om hundane tok stand langt ute eller høgt oppe, så fiksa Odd Harald dette lett enten med kikkerten eller med lette steg. Til tross for at han har passert 70 for 6 år sidan, har han på ingen måte sinka partiet eller brukt for lang tid fram eller opp til ein hund i stand. Det er heller Odd Harald som fleire gongar har måtte ta omsyn til førar av hunden som har treng meir tid til å komme seg fram.

Odd Harald har også over mange år vore aktiv i dommarutvalet, der han bl.a har vore med og utarbeida dommarhåndboka. Så heile fuglehundnorge har hatt stor glede av Odd Harald sitt langvarige engasjement og gode kunnskap også utanom sjølve dømminga. Sjølvsagt synd at du no gir deg, men heldigvis har du holdt på litt lenger enn kva du sjølv har sagt ved eit par tre høver tidlegare når «å legge opp dommarkarriera» har vore eit tema. Kjenner vi deg rett, så vil du fortsatt dukke opp på ulike arrangementer som har med fuglehund å gjere – men no med senka skuldrar som deltaker eller «publikum».

Så igjen tusen takk Odd Harald for all innsatsen du har brukt på at vi andre har kunne stilt hundane våre på prøver! Du har alltid hatt eit skarpt blikk for det som har foregått ute i marka og din kunnskap om fuglehund står utvilsomt til terningkast seks!!

Odd Harald Sørbøen takker for seg som jaktprøvedommer i en alder av snart 77 år!