DK Hordaland og DK Vestlandet nord, ynskjer velkomen til treningssamling på Gaularfjellet helga den 4-6 februar.
Samlinga vil foregå ute i fjellet, der det bli gitt gode råd og tips om føring av hund, både med tanke på jakt og jaktprøve. Vi håpar at både nye og gamle medlemmar blir med, då dette vil være ei fin oppkøyring inn mot vinterens prøver.
Gaularfjellet er kjent for å ha godt med fugl i terrenga. Det har dei siste åra blitt arrangert jaktprøve i dei same terrenga, og eit år var det 11 premieringar på i eit parti!! Så det viser at her har ein gode sjansar for at hundane skal få møte rikeleg med ryper….
Det vil bli «opprop» ved parkeringa/der det er slutt på brøyta veg – klokka 10:00 både laurdag og søndag.
Det er pr no ikkje masse snø på Gaularfjellet, men det er skiføre.
Sosialt/overnatting:
Ideelt sett skulle vi fått til litt sosialt på ettermiddag/kveld, men på grunn av pandemien blir dette ikkje arrangert av oss. Så mat må kvar enkelt ordne med sjølve. Det er ein butikk i Viksdalen, nokre km før ein kjem til Gaularfjellet.
Det er sett av eit par større hytter som vi kan låne, i tillegg til at det er hytter på Hov Camping, tlf 91188466, som kvar enkelt kan booke seg inn på. Når det gjelder dei hyttene som er avsett, så kan de ta kontakt med Sigurd (DK-Hordaland) for å avtale nærare.
På grunn av situasjonen rundt smittevern, vil ein sjølvsagt ta omsyn til dette i samband med fordeling av hyttene.
Pris:
Sidan ein ikkje veit kor mange som kjem, kan ein ikkje gå ut med noko eksakt pris pr deltaker før vi har fått tilbakemelding på interessa rundt samlinga. Utgiftene som vi skal dele på blir for treningsterrenget og ev. felles hytte.
Ta gjerne kontakt med ein av oss viss det er noko de lurer på ikring treningssamlinga!
Påmeldingsfristen er 30.01. – påmelding via e-post til ein av oss.
Mvh
Sigurd Sørvig Jan B. Skrøppa
DK-Hordaland DK-Vestlandet nord
97033911 sigurdsorvig@hotmail.com 99703229 janbjarte@yahoo.com